Krigskrossen

noregs høgste militære utmerking
(Omdirigert frå Krigskorset)

Krigskorset, Krigskrossen, vart innstifta ved kongeleg resolusjon 23. mai 1941 (med endring ved kgl.res. 18. mai 1945) til løn for personleg innsats i kamp eller liknande til norske eller utanlandske sivile og militære som under krig på særleg framifrå måte har utmerkt seg ved personleg mot eller ved leiinga av troppeavdeling, fartøy eller flyavdeling. Krigskrossen rangerar framfor alle andre ordenar og medaljar og vert delt ut av Kongen i statsråd.

Dekorasjonen er Olavskrossen i bronse med riksvåpenet i midten av krossen og med band i fargane til flagget forsynt med eitt eller fleire sverd. Etter 1945 er alle tildelingar med sverd.

Bakgrunnsstoff

endre