Kringkastingsringen
Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for at nynorsk, norske dialektar og samisk skal få eit rettkome rom i allmennkringkastinga og i media elles.
I over 50 år har Kringkastingsringen vore pådrivar for at medieverksemdene skal føre ein språkpolitikk som speglar språkmangfaldet i Noreg og for at styresmaktene skal leggje forholda til rette for at vi skal få eit godt og mangfaldig språk i media.
Kringkastingsringen deler kvart år ut Kringkastingsprisen.
Inger Johanne Ruset er leiar.