Kristian E. Jahren

norsk politikar

Kristian Edvard Johannessen Jahren (17. januar 186512. august 1937) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Rakkestad, og som var stortingsmann for partiet Høgre i valperioden 1916-18. Han var bror til Gunder Anton Jahren.

Kristian E. Jahren
Kristian Edvart Jahren.jpg
Fødd 17. januar 1865
Rakkestad
Død

12. august 1937 (72 år)
Rakkestad

Yrke politikar

Jahren gjekk i 1883 eit privat landbrukskurs hos den tidlegare landbrukslæraren Anders Grimstad i Berg herad. To år seinare gjekk han på Smaalenenes folkehøgskule i heimbygda. I 1895 tok han over farsgarden Jaren i Rakkestad og dreiv denne. Han var elles medeigar i sagbruk og eit teglverk.

Jahren sat i leiande posisjonar i Rakkestad i 50 år. Han var mellom anna formann 1888-1907 i Smaalenenes Skyttersamlag og i Rakkestad Brandkasse frå 1898 til han døydde 39 år seinare. Frå 1908 til -16 var han ordførar i heradet, og overformyndar i tida 1916-25. Nasjonalt var han nestformann i Norske Melkeprodusenters Landsforbund frå 1918 til 1927.

Valperioden 1910-12 var han varamann til Stortinget frå Tune krins. Sidan var han i perioden 1916-18 fast tingmann frå same einmannskrinsen, som representant for Høgre. Han var medlem i Protokollkomiteen.

KjelderEndra