Kristian Erlandsson Listad

norsk gardbrukar, treskjerar og målar

Kristian Erlandsson Listad (17261802) var ein norsk gardbrukar, treskjerar og målar i Sør-Fron.

Listad var klokkar i Sør-Fron og skar krusifiks, preikestolar og anna kyrkjekunst til fleire kyrkjer i Gudbrandsdalen. Han skal ha hatt hjelp av broren Halvor Melgard då Sødorp kyrkje vart utsmykka. Listad skar også ut figurar og former på hus og på gravsteinar, desse har ein «meir personleg svip». Han dreiv i tillegg med dekorasjonmåling og gjekk gjerne under namnet Blomstermeisteren.

Kjelder endre