Opna hovudmenyen

Kromme Rijn («Svingete Rhinen») er ei elv i provinsen Utrecht i Nederland.

Kromme Rijn
elv
Kromme rijn.jpg
Kromme Rijn
Land Flag of the Netherlands.svg Nederland
Kjelde Nederrijn
Munning Leidse Rijn og Vecht
Location Kromme Rijn.PNG
Wikimedia Commons: Kromme Rijn

I romartida var denne nordlegaste greina i Rhindeltaet hovudleia til denne store elva og ho fungerte som den nordlege grensa til Romarriket. Romarane bygde derfor mange castella langs denne grensa kalla Limes Germanicus.

Sidan mellomalderen har elva vore langt mindre viktig fordi ho mudra til og til slutt vart ho heilt skild frå hovudleia Nederrijn-Lek. Ho heldt likevel på namnet «Rhinen».

Kromme Rijn går ut frå Nederrijn-Lek ved den gamle byen Wijk bij Duurstede (kalla Dorestad før mellomalderen), og etter dette svingar ho seg gjennom provinsen Utrecht, forbi byane Bunnik og Zeist, og endar opp i vollgrava ved byen Utrecht.

Opphavleg vart Utrecht bygd av romarane ved ein vadestad nær staden der Kromme Rijn forgreinar seg i elvane Vecht (nord) og Leidse Rijn (vest). Det siste strekket innanfor bymurane vart kanalisert og danna kanalen Oudegracht. Leidse Rijn og Vecht renn ut frå byvollgrava og er fortsetjinga av Kromme Rijn.

KjelderEndra