Kroppshole

væskefylt rom i fleircella organismar

Ei kroppshole eller eit coelom er, i sin breiaste definisjon, eit innvendig, væskefylt holrom i kroppen til eit fleircella dyr. Som regel nyttar ein det om område mellom epidermis og endodermis der dei indre organa utviklar seg. Hjå eucoelomatar er dette fullstendig omkransa av peritoneum, ei hinne med mesodermalt epitelvev. Pseudocoelomate dyr har òg peritoneum, men ufullstendig.

Funksjonen til ei kroppshole er dempande og vernande. Organ som utviklar seg innanfor ei slik ei kan veksa og røra seg fritt medan væska rundt dei dempar støyt og beskyttar dei mot ytre press.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.