Krupa na Uni
Krupa na Uni (kyrillisk Крупа на Уни) er ein kommune i Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska), den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[2]
Krupa na Uni | |||||
---|---|---|---|---|---|
Andre namn | Крупа на Уни | ||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Føderal eining |
Bosnia-Hercegovina Den bosniske serbarrepublikken | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 84,33 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Kommune (2013) |
1 597 | ||||
Koordinatar | 44°53′28″N 16°19′26″E / 44.89111°N 16.32389°E | ||||
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.opstinakrupanauni.rs.ba | |||||
Plassering | |||||
Etter Daytonavtalen vart tettstaden Bosanska Krupa og det meste av den tidlegare kommunen liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Ein mindre del vart liggjande i Den bosniske serbarrepublikken som kommunen Krupa na Uni. Busetnaden Donji Dubovik er hovudsete i kommunen.
Folketal
endreDei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]
Folketal 1991 | Folketal 2013 | |
---|---|---|
Srednji Bušević | 457 | 267 |
Donji Dubovik | 338 | 217 |
Hašani | 383 | 211 |
Gornji Bušević | 426 | 202 |
Donji Petrovići | 335 | 196 |
Kommunen Krupa na Uni | 2 904 | 1 597 |
Kjelder
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Konačni rezultati - Popis 2013». Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine. 2013. Henta 25. desember 2024.
- ↑ «The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina» (PDF). OSSE. 14. desember 1995. Henta 23. november 2024.