Krynka
Krynka (russisk Кры́нка, ukrainsk Кри́нка, Krinka) er ei elv i Donetsk oblast i Ukraina og Rostov oblast i Russland og ei av sideelvane til Mius frå høgre. Elva er 180 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 634 km².
Krynka | |||
elv | |||
Land | Russland, Ukraina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 634 km² | ||
Lengd | 180 km | ||
Munning | Mius | ||
Krynka 47°36′38″N 38°48′27″E / 47.6106°N 38.8075°E | |||
Wikimedia Commons: Krynka River |
Krynka oppstår der elvane Sadki og Bulavinka renn saman i Donetsk oblast i Ukraina. Ho munnar ut i Mius 84 km før munningen hennar, 18 km ovanfor Matvejev Kurgan. 160 km av elva renn i Ukraina.
Elva frys til i slutten av desember og vert isfri att i midten av februar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Крынка (река)» frå Wikipedia på russisk, den 1. november 2008.