Ein kult (frå latin cultus) er eit kompleks av fastsette handlingar (ritual) som skal gjerast av ei gruppe menneske for å ære eller tilbe ein reell eller mytisk skapnad, eit fenomen og så vidare, som vert halde for heilag, eller som vert rekna for å tilhøyre ein heilag sfære. Levande eller døde menneske som vert rekna for å ha makelause eller eksemplariske eigenskapar verd å etterlikne, eller er fofedrar, vil òg kunne verte æra eller tilbedne ved handlingar av kultisk art.[1]

Framstilling av kulthandlingar til Ødipus på ein gresk vase.

Kulten er eit av dei viktigaste elementa i ein religion, og utgjer saman med mytologien grunnlaget for vedkomande religion og er særkjenne for denne religionen. Alt etter dei krava religionen stiller til sine tilhengarar, kan kulten gå føre seg heime hjå dei einskilde tilhengarane, i særlege bygningar, ved eller i retning av særlege fjell, i grotter eller attmed kjelder, og vanlegvis knytt til fastsette tider på dagen og/eller i året. Dei kultiske handlingane kan gjerast av menneske i einsemd, eller saman med andre. Ofte er det særleg kyndige som står for dei kultiske gjeremåla eller leiar seremoniane, som kan vere ofringar, bøner, songar og musikk eller opplesing av heilage tekstar. I somme religionar finst det dessutan ritual som går ut på å finne ut kva som er guddomens vilje og kva framtida vil bringe. Prosesjonar av ulik art er òg eit viktig innslag i kulten i mange religionar, og det same er pilegrimsferder.

Stader der det går føre seg ei kult av einkvart religiøse slaget vert ofte kalla kultstader, og gjenstandar nytta i samband med kultar vert kalla kultgjenstandar. I arkeologien vert desse omgrepa nytta når det er funne plassar, innretningar og gjenstandar som etter omstenda vert rekna for å kunne ha hatt med religiøs praksis i tidlegare tider å gjere.

Omgrepet kult vert i vanleg språkbruk òg nytta om fenomen som ikkje har med religion å gjere, som til dømes om folks handlingar og framferd som fylgje av overdriven kjensle av ærefrykt eller åtgaum andsynes eit menneske eller eit fenomen, anten det gjeld dyrking av politiske leiarar, vidgjetne artistar, idrettsutøvarar eller andre som spelar ei rolle i samfunnslivet. Omgrepet kultstatus vert ofte nytta om slikt som i særleg grad oppnår å verte populært hjå eit stort publikum, anten det gjeld eit musikkstykke, ei bok, ein film eller eit fjernsynsprogram og så vidare.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Kværne, Per (15. november 2020). «kult». Store norske leksikon (på norsk bokmål).