«Kulturindustrien» er eit omgrep som fyrst vart formulert av Theodor Adorno (1903-1969) og Max Horkheimer (1895-1973). Omgrepet inneber at populærkulturen kan liknast med ein stor fabrikk som produserer standardiserte «kulturprodukt» som manipulerer massane til å verta passive, og at dei «enkle gledene» inntaket av populærkulturelle uttrykk gjev, syt for å gjera menneska sløve og får dei til å ta til takke med dei økonomiske levekåra sine, uansett kor låke desse er. Adorno og Horkheimer oppfatta denne masseproduserte kulturen som eit trugsmål mot den vanskelegare oppfattelege høgkulturen. Ifylgje Adorno og Horkheimer er kulturindustrien i stand til å dyrka fram imaginære behov, det er behov som både oppstår av og vert dekte av kapitalismen. På den andre sida finn me ekte behov, som ifylgje Adorno og Horkheimer inkluderer fridom, kreativitet og ekte lukke. Herbert Marcuse var den fyrste som sette eit skilje mellom imaginære og ekte behov.

Frankfurt-skulen endre

Adorno og Horkheimer var sentrale figurar i Frankfurt-skulen. Dei var særs påverka av den dialektiske materialismen og den historiske materialismen til Karl Marx, så vel som ei nylesing av Hegel sin dialektiske idealisme. I desse filosofiane vert hendingar granska som lekker og delar av ein endringsprosess snarare enn som einskildhendingar. Gruppa, som Jürgen Habermas òg slutta seg til med tid og stunder, var mellom anna ansvarlege for formuleringa av kritisk teori. I verk som Die Dialektik der Aufklärung («Dialektikken åt opplysinga») og Negative Dialektik («Negativ dialektikk») hevda Adorno og Horkheimer at massekulturen som fenomen har ein politisk implikasjon, nemleg at alle former for massekultur er éin einskild kulturindustri som har til føremål å syrgja for at massane held fram å lyda marknadsinteressene. I Die Dialektik der Aufklärung (1947) postulerte dei ein moderne variant av «brød og sirkus» — metoden herskarane i det gamle Roma nytta for å oppretthalda makta og kontrollen dei hadde over vanlege folk. Dette nye «jarnsystemet» fylte, ifylgje Adorno og Horkheimer, fritida åt forbrukarane med underhalding for å distrahera dei frå det keisame og stendig meir automatiserte arbeidet deira, og vidare hevda dei at forbrukarane aldri fekk «vera åleine» lenge nok til å kjenna att realiteten i utbyttinga dei var offer for og på den måten fatta motstand mot det rådande økonomiske og sosiale systemet. Dette pessimistiske synet på den utbreidde kulturen som eit anti-opplysings-opiat for massane trekkjer mange veksel på marxismen og definisjonen av ei vedvarande kapitalistisk undertrykking.

Teorien endre

Sjølv om vestlege kulturar pla vera delte inn i nasjonale marknader og vidare inndelte i høg-, mellom- og lågkulturelle uttrykk, er det moderne synet på massekulturen at det finst ein einskild marknad, der dei beste eller mest populære verka lukkast. Dette synet anerkjenner at fusjonen av dei store medieselskapa fører til at makta over produksjon og distribusjon vert sentralisert hjå nokre få fleirnasjonale selskap og konsern. Teorien held føre at kulturen ikkje berre speglar samfunnet, men òg inntek ei viktig formande rolle i kraft av standardiserings- og vanleggjeringsprosessar, slik at objekt, snarare enn subjekt, vert danna. Kulturindustrien hevdar «sjølv» å tena forbrukarane sitt underhaldingsbehov, men døl måten han standardiserer desse behova, slik at forbrukarane vert manipulerte til å ynskja seg kulturindustrien sine produkt. Resultatet av dette er at masseproduksjonen fôrar ein massemarknad der identiteten og smaken til einskildforbrukarane vert minimerte, som fylgjeleg vert like «utbytbare» som produkta dei forbrukar. Meininga med teorien er å fremja ei frigjering av forbrukaren frå produsentane sitt jarngrep ved å få forbrukaren til å stilla spørsmål ved meiningar og ideologiar. Adorno hevda at opplysinga ville føra med seg pluralisme og avmystifisering. Uheldigvis skal samfunnet ha lide av eit tap ved at det har vorte korrumpert av den kapitalistiske industrien og motiva denne har.

Element endre

Alt som er laga av personar er ei materialisering av arbeidet deira og eit uttrykk for viljen deira. Det finst òg ein bruksverdi ved objekta som vert laga: det objektet tilfører forbrukaren, kjem av nytteverdien objektet har. «Byteverdien», eller prisen, vil i så måte spegla nytteverdien og marknadstilhøva: prisen t d eit TV- eller filmselskap betalar for det. Likevel reflekterer moderne såpeoperaer, med dei utbytbare plotta og dei formelstrenge forteljeteknikkane som vert nytta, standardiserte produksjonsmåtar og den søkkande verdien eit masseprodusert kulturprodukt har. Filmar som gjev eit meir positivt inntrykk på den generelle diskursen og oppnår ein høgare byteverdi kjem berre sjeldan ut. Eit døme på dette er Patton (1970), som har George C. Scott i hovudrolla som den amerikanske generalen med same namn, og som kom ut på eit tidspunkt der antikrigsrørsla hadde stor slagkraft og støtte i folket. Opningsscena er av Patton som held ein patosfylt tale føre eit amerikansk flagg. Dette var ei form for dialektikk der publikum kunne identifisera seg med den uttrykte patriotismen (tese) eller identifisera seg med den uttrykte ironien (antitese), og på den måten forstå og tolka resten av filmen. Filmen inneheld likevel einskilde manipulerte historiske hendingar, ikkje berre som underhalding, men som ei form for propaganda i og med at ein kausal samanheng mellom det å lukkast i strategiske leiingssituasjonar og uttrykte leiarskapskvalitetar vert demonstrert. I og med at undertemaet var instrumentelt og ikkje «verdifritt», oppstår det etiske og filosofiske problemstillingar.

Vanlegvis kritiserer berre høgkulturen verda som finst utanfor grensene sine, men tilgjenget til denne forma for kommunikasjon er avgrensa til eliteklassane, der risikoen for å forårsaka sosial ustabilitet er minimal. Filmen Patton er populærkultur som med vilje introduserer kontroversar i ei sosialt ordna og einsretta verd som, ifylgje Adorno, er i ferd med å søkka til kulturell likesæle. For Hegel er orden godt a priori, det vil seia at ordenen ikkje treng å svara til dei som lever i ordenen. Men kva skjer dersom ordenen vert forstyrra? I Negative Dialektik påstod Adorno at dette kunne føra til framsteg ved å stimulera sjansen for klassekonfliktar. Vidare var Marx sin historisk materialistiske teori teleologisk, det vil seia at eit samfunn fylgjer ein dialektikk av oppståande stadium, frå formene for produksjon som eksisterte i urtida via føydalisme og kapitalisme til ein (ideell) kommunisme ein gong i framtida. Adorno meinte at kulturindustrien ikkje tilbydde dei naudsynte stimuliane for at denne utløysande klassekonflikten, som skulle leia til kommunismen, skulle finna stad.

Observasjonar endre

Kritikarar av teorien hevdar at kulturindustrien sine produkt ikkje ville ha vore populære dersom menneske ikkje fann verdi og glede i dei, og at kultur på denne måten «avgjer seg sjølv». Dersom ein trur denne kritikken, tek dette Adorno frå den viktige rolla som kultur- og modernitetskritikar, i og med tanken om at politikk i eit rikt samfunn er meir oppteken av handling enn ideologi. Wiggershaus (1994) noterer seg at den yngre generasjonen av tilhengjarar av kritisk teori for det meste ignorerer verket åt Adorno, som til dels kjem av at Adorno si manglande evne til å dra praktiske sluttingar frå teoriane sine. Adorno vert òg skulda for å vera lite fylgjestreng når han påstår å vilja implementera marxismen: medan han godtok den klassiske marxistiske analysen av samfunnet som går ut på at ein klasse dominerer den neste, skilde han seg frå Marx i og med at han ikkje nytta dialektikken som ein måte å føreslå måtar samfunnet kan endrast på. Marx sin dialektiske metode var avhengig av arbeidarane sin vilje til å forkasta den herskande klassen, medan Adorno og Horkheimer postulerte at kulturindustrien har underminert den revolusjonære rørsla. Adorno sin tanke om at folkemassen berre er kulturindustri-objekt heng saman med kjensla hans av at tida der arbeidarklassen hadde ein reell sjanse til å vinna over kapitalismen er over. Andre kritikarar noterer seg at «høgkultur» ikkje heller er utan ei rolle i rettferdiggjeringa av kapitalismen. Desse ser på etableringa og oppretthaldinga av elitisme som eit sentralt element i rolla opera, ballett etc. spelar.

Til trass for desse problema, har konseptet påverka intellektuell diskurs om populærkultur og studium av populærkultur og kulturinstitusjonar.

I 2004 gav professor Stephen Eric Bronner ved Rutgers University ut ei bok, Reclaiming the Enlightenment: Toward a Politics of Radical Engagement, som fungerer som ein oppfylgjar til Adorno og Horkheimer si Die Dialektik der Aufklärung. Boka tek eit oppgjer med kritikarane av Adorno medan ho legg eit grunnlag for progressiv politikk på opplysingsprinsipp og kosmopolitanisme, som eit lenge etterlengta fundament for den moderne venstresida.

Referansar endre

  • Adorno, T. W. Negative Dialectics. New York: The Seabury Press. (1973) (engelsk)
  • Adorno, T.W. A Sample of Adorno's ideas on the culture industry and popular music (engelsk)
  • Adorno, T. og M. Horkheimer. Kulturindustri. Oslo: Cappelen. (1991)
  • Cook, D. The Culture Industry Revisited. Rowman & Littlefield. (1996) (engelsk)
  • Hesmondhalgh, D. The Cultural Industries. Sage. (2002) (engelsk)
  • Steinert, H. Culture Industry. Cambridge: Polity (2003) (engelsk)
  • Wiggershaus, R. The Frankfurt School: its History, Theories, and Political Significance. MIT Press. (1994) (engelsk)
  • Witkin, R.W. Adorno on Popular Culture. Routledge. (2003) (engelsk)
  • Scott, Allen J. The Cultural Economy of Cities. Sage. (2001) (engelsk)