Kunoy
Kunoy (tyding: kvinneøya) er ei av dei 18 øyane som utgjer øygruppa Færøyane. Øya og er ei av seks øyer i den geografiske regionen Norðoyggjar, nordøyane.
- Flatevidd: 35,5 km²
- Innbyggjarar: 134 (31. desember 2002)
- Høgaste fjellet er Kúvingafjall, 830 moh
Bygda Kunoy ligg på vestkysten av øya med same namn. Frå 1988 har øya hatt tunnelsamband med Haraldssund på austkysten. Saman dannar desse to busetnadane kommunen Kunoyar kommuna.
Kyrkja på staden vart bygd i 1867.
På Kunoy var det tidlegare ei tredje bygd: Skarð på austkysten. Bygda vart fårflytta då alle mennene omkom på havet i 1913. Dei attverande kvinnene og borna forlét Skarð for alltid.