Kunstsenteret Birka
Birka as er eit nasjonalt senter for kunst og handverk. Senteret blei etablert i 2003, på initiativ frå arrangøren av Rennebumartnan (salsutstilling for husflid og handverk). Birka held til på Berkåk i Rennebu kommune, og har i dag tre tilsette. Arbeidet er mellom anna støtta av Kultur- og kyrkjedepartementet og Sør-Trøndelag Fylkeskommune.
Noko av Birka si målsetjing er å vera eit senter for kompetanseheving, utvikling og formidling av kunst og handverk. Hovudmålet kan kort seiast å vera det å gjera kvardagen til handverksnæringa lettare, til dømes gjennom hjelp til marknadsføring, og kursing i tema som rekneskap/økonomi, regelverk, data/internett, og salsteknikkar.
På Birka si nettside finn du ei oversikt over næringsutøvande inna kunst og handverk, organisert under 15 fagkategoriar: filting, glas, interiør/bilete, interiør/tekstilar, keramikk, klede, knivar, lysstøyperi, metall/smedarbeid, rose- og dekormåling, samisk duodji, skinn og lêr, smykke, treprodukt og vev.