Kvåfjorden er ein liten fjord i Lindesnes kommune. Han har innløp nord for øya Hille i Mandal og strekker seg om lag 6 km nordvestover på nordsida av Hille og inn til Kvåfjord i Lindesnes. Innløpet ligg like nord for Tungefjorden.

Vest for Hille ligg den vesle øya Ramsøya og Gallaråsholmen og her snur fjorden nordover og litt over 2 km innover landet. Fjorden har ei vik på austsida og inn mot Lundvik. Inst i fjorden på vestsida ligg Kvåfjord.