Kvaløyna
61°13′05″N 04°43′44″E / 61.21806°N 4.72889°E
Kvaløyna | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Solund kommune | ||
Folketal | 0 | ||
Kvaløyna 61°13′05″N 4°43′44″E / 61.21807°N 4.72895°E |
Kvaløyna er ei øy nordvest i Solund kommune i Vestland. Det smale og grunne Kvaløysundet skil ho frå den større naboøya Ospa. Begge desse øyane er veglause og utan busetjing.
Kvaløyna vart busett på 1870-talet, då det vart oppretta ein husmannsplass her. Ved folketeljinga i 1900 budde det tre personar her.[1] Øya var berre busett i ein generasjon - dei første busetjarane flytta frå øya att i 1920 og tok med seg husa sine. Sidan har øya ikkje hatt fast busetjing.
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1900 for Solund herred, frå Digitalarkivet
- Alf Steinsøy, Solund - Gards- og ættesoge til 1982, bd. II (Solund Sogenemnd, 1982)