Kvensk Finsk Riksforbund

organisasjon

Kvensk Finsk Riksforbund (finsk Kveeni Suomi Liitto er ein organisasjon for kvener og norskfinnar. Organisasjonen heitte fram til 2020 Kvänlandsförbund-Kveenimaanyhdistys. Stiftar av organisasjonen er Bjørnar Seppola, og organisasjonen har tyngdepunktet sitt i Nord-Troms.

Kvensk Finsk Riksforbund har ein aktiv språkpolitikk, bruker ein del finsk på sidene sine, og legg vekt på at både kvensk og finsk skal ha rettar i Noreg. Organisasjonen har frå starten samarbeidd med tornedalsfinske organisasjonar. Elles reknar organisasjonen som ein av kampsakene sine at norske styresmakter skal handsame kvener og samar likt.

Bakgrunnsstoff

endre