Kvikk Lunsj er produktnamnet for ein kjekssjokolade som blei lansert av søtsakprodusenten Freia i 1938 og har vore i sal sidan den gongen. Kvikk Lunsj blir i dag produsert av Kraft Foods, og selt i Noreg, Sverige og Danmark.

Innpakka Kvikk Lunsj i snøen. Sjokoladen er mykje brukt som skiturniste.
Kvikk Lunsj liknar sjokoladen Kit Kat som blir selt i Storbritannia og USA.

Sjokoladen består av fire avlange kjeksbitar omgitt av sjokolade. Mellom kjeksbitane er sjokoladelaget tynnare slik at det er lettare å dele sjokoladen. Kvikk Lunsj liknar mykje på Kit Kat, ein sjokolade som blei laga for den britiske marknaden av Rowntree Limited frå 1935.[1]

Kvikk Lunsj er i reklame lenge blitt framstilt som ein «tursjokolade», og mange assosierer den med skiturar, spesielt i påskeferien, der sjokoladen ofte blir brukt som energigjevande niste. I løpet av eitt år et kvar nordmann i gjennomsnitt ni Kvikk Lunsj-sjokoladar. Tre av desse blir etne i løpet av påska. Skjemtegaukar kallar av og til Kvikk Lunsj for «Snøggdugurd».

Kjelder endre

  1. «History of KitKat» - Nestlé offial page, arkivert frå originalen 10. januar 2012, henta 18. mai 2012