Kvitsøy hummermuseum

Kvitsøy hummermuseum ligg i eit sjøhus på Grøningen i YdstebøhavnKvitsøy. Museet er ei avdeling av Ryfylkemuseet. I huset er det utstillingar i tre høgder og dessutan lokale for møteverksemd.

Kvitsøy hummermuseum.

Sommaren 2006 opna ny utstilling kalla «Hummeren - frå teine til sølvfat». Utstillinga fortel om biologien til hummaren og om fangst og handel med hummar. I akvarium kan ein sjå hummaren i ulike stadium av utvikling.

I juni 2007 opna andre delen av hummarmuseet med utstillinga «Året rundt på fiske». Dette er eit utstilling som set dei ulike fiska som gjekk føre seg frå Kvitsøy inn i ein samanheng og der vi også viser samanhengen med bruken av jorda på øyane.

I underetasjen blei det sommaren 2009 opna ei utstillinga kalla ”Båten og motoren”. Utstillinga viser båtar, motorar og anna utstyr som har vore i bruk i fiskeflåten.

I mai 2011 oppstod det brann i hummarmuseet, og både bygningen og utstillingane fekk store skadar. Men nå er museet på veg opp att. Målet er å gjenopna museet i løpet av hausten 2012.

Bakgrunnsstoff endre