For fjellet med same namn, sjå Kyrkja i Jotunheimen

Kyrkja er ei nemning som blir brukt om heile det kristne samfunnet, eller om eit særskild kyrkjesamfunn, som Den norske kyrkja eller Den katolske kyrkja.

I typisk protestantisk terminologi er «Kyrkja» ei fellesnemning for alle kristne forsamlingar og kyrkjelydar. Innanfor Den katolske kyrkja vert nemninga «Kyrkja» brukt synonymt med den katolske - det vil seie den allmenne, universelle kyrkja. Tilsvarande avgrensa tyding er vanleg innanfor ortodoks kristendom.

Den katolske kyrkja reknar paven som overhovud for Kyrkja, ei makt han i følgje Mat. 16,18[1] har fått av Jesus Kristus sjølv.

I protestantisk forståing er Kyrkja Jesu Kristi kropp, jf. 1. Kor. 12,27[2] og Kol. 1,18[3].

Referansar

endre
  Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.