L'Haÿ-les-Roses
L'Haÿ-les-Roses | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Val-de-Marne |
Geografi | |
Flatevidd | 3,9 km² |
Flatevidd - By |
3,9 km² |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
30 400 7 795/km² |
Koordinatar | 48°47′N 02°20′E / 48.783°N 2.333°E |
Høgd over havet | 92 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 94240 |
Heimeside: www.lhaylesroses.fr |
L'Haÿ-les-Roses er ein kommune i dei sørlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 8,5 km frå sentrum av Paris, og er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Val-de-Marne.
Den andre delen av namnet til L'Haÿ-les-Roses kjem av den vidkjende rosehagen som ligg der.
Namn
endreKommunen L'Haÿ-les-Roses vart opphavleg berre kalla L'Haÿ, og dette namnet vart først nedteikna i eit dokument frå Karl den store i 798 som Laiacum, stundom stava Lagiacum, som tyder «eigedomen til Lagius», ein gallo-romersk landeigar. Namnet endra seg med tida til Lay, Lahy, og til slutt L'Haÿ.
I mai 1914 vart namnet på kommunen offisielt L'Haÿ-les-Roses (som tyder «L'Haÿ rosene») etter Roseraie du Val-de-Marne, den kjende rosehagen som vart oppretta her i 1899 av Jules Gravereaux, ein av fire grunnleggjarar av varehuset Bon Marché i Paris.