Långhalsen
Långhalsen er ein innsjø som ligg sør i Södermanland i Sverige, og har samband med kommunane Nyköping, Katrineholm og Flen. Innsjøen har eit overflateareal på 34 km², og ligg 19 meter over havet. Innsjøen er smal, på dei fleste stader ca. ein kilometer brei, og ingen stader meir enn tre kilometer brei. Långhalsen vert drenert av Nyköpingsån. Største tettstad ved innsjøen er Vrena.
I 1857 vart Långhalsen (og Yngaren) senka med ca. to meter, for å vinne ca. 3000 tønner (ca. 12 km²) dyrkbar mark.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Långhalsen» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juni 2012.