Løgnin
64°22′32.034″N 11°17′48.091″E / 64.37556500°N 11.29669194°E Løgnin eller Lygnin er ein fjordarm av Namsfjorden i Namsos kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 11 km sørvestover til Sjøåsen i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Stangaråa i vest og Skaftodden i aust, like vest for Bangsund. Garden Altin ligg på vestsida av fjorden inst i Altbukta. Litt lenger sør ligg gardsbruket Gryta på den andre sida. Inst i fjorden ligg Sjøåsen der Årgårdselva munnar ut i fjorden.
Fylkesveg 17 går langs austsida av fjorden, medan riksveg 766 går på vestsida.