Løno i Voss
60°41′39.4″N 6°28′23.4″E / 60.694278°N 6.473167°E Løno er ei grend i Voss herad i Vestland. Her er det fleire gardar, og fleire innan Løno-familien bur der. Løno ligg på nedsida av fjellet Lønahorgi og grensar til Lønavatnet. Det er mellom anna mogeleg å eta smalahåve her.
Frå Vossaboka til Kindem: Namnet vert i 1300-talet skrive i Læn og i Lønum. Det vert no sagt Lønó; han búr pao, è tao Lønó, ska tì Løna, sms. Løna-vatné. Namnet er samandrege av ló f. (flat eng ved vatn) og vin (beite), Ló-vin vart til Læn, med fleirtal Lænar, i genitiv Læna, dativ Lænum.
Odd heitte mannen på Løno i 1521. Per Monsson budde der i 1563. Oluf var brukar i 1591. I 1603 var det Oluf og Seersguill, i 1611 Oluf og Svein, i 1614 Oluf, Knut og Lasse, og i 1621 Bård og Lasse.
Løno vart i 1723 delt i vestre og austre tun, - Vestre Løno gardsnummr 66 og Austre Løno gardsnummer 67.
Vestre Løno gnr. 66: Bnr. 1: Løno; Bnr. 2: Ytre Løno (skilt frå bruk 1 i 1885 til Nils Brynjulvson Løno); Bnr. 3: Blikberget (skilt frå bruk 1 i 1817 til Lars Larsson Hegle); Bnr. 4: Løno (skilt frå bruk 1 i 1891 til Nils Brynjulvson Løno); Bnr. 5: Løno (skilt frå bruk 1 i 1896 til Torstein Knutson Lirhus); Bnr. 6: Moheim (skilt frå bruk i 1898 til til Olav Knutson Myrkve); Bnr. 7: Stuebakken (skilt frå bruk 3 i 1901 til Tomas Hernes); Bnr. 8: Myklebust (skilt frå bruk 6 i 1901 til Olai Myklebust); Bnr. 9: Tranaholmen (skilt frå bruk 6 i 1905 til Nils Brynjulvson Løno); Bnr. 10: Bakkateigen (skilt frå bruk 7 i 1908 til Anders Mattisson Mølster); Bnr. 11: Lønamoen (skilt frå bruk 1 i 1909 til Botolv S. Ullestad); Bnr. 12: Midtbø (skilt frå bruk i 1920 til Anders M Midtbø); Bnr. 13: Nymo (skilt frå bruk 11 i 1923 til Jon Engeland); Bnr. 14: Løno (skilt frå bruk 1 i 1923 til Nils B. Løno); Bnr. 15: Blikberget (skilt frå bruk 3 i 1928 til Sigvald J. Saue); Bnr. 16: Lønasagi (skilt frå bruk 1 i 1931 til Vosss Trelastforretning);
Austre Løno gnr. 67: Bnr. 1: Løno; Bnr. 2: Løno (skilt frå bruk 1 i 1829 til Torbjørn Knutson); Bnr. 3: Løno (skilt frå bruk 2 i 1880 til Anders Eirikson Staup); Bnr. 4: Løno (skilt frå bruk 1 til Vangskykja); Bnr. 5: Tredet (skilt frå bruk 4 i 1910 til Maria Pålsdtre. Flæte); Bnr. 6: Holo (skilt frå bruk 4 i 1915 til Anders Nilsson Holo); Bnr. 7: Bergsstølen (skilt frå bruk 4 i 1915 til Anders M. Mølster); Bnr. 8: Solvang (skilt frå bruk 2 i 1916 til Johan Ervefest); Bnr. 9: Krakaholmen (skilt frå bruk 4 i 1919 til Anders M. Mølster); Bnr. 10: Pahlmberg (skilt frå bruk 3 i 1932 til staten ved Den Norske Omstreifarmisjon);
Husmenn Løno: Det var fleire husmenn både på Vestre og Austre Løno; - mellom anna Lønahaugen, Hjedl'n og Nyeteigen.
Kvern på Løno: Det var to kvernar på Løno i 1723 og tre i 1777, som stod i elva Breimo som kjem ned frå Lønahorgi.
Vadmålsstamp: Brynjulv og Odd Løno hadde i fyrste halvparten av 1800-talet vadmålsstampe i elva Breimo.
Sag på Løno: På indre sida av elva Breimo var det ei sag. Haldor Løno selde saga til ein på Fletre. Lønasaga (gnr. 1, bnr. 16) ligg nede ved Lønavatnet, men er ikkje lenger i bruk.
Stølar på Løno: Vestre Løno (bnr. 1) har støl på Bergsstølen, mens Austre Løno (bnr. 1 og 2) har støl på Moldbakken. Løno har også hatt støl i Aordalen (mellom Lønahorgi og Svartahorgi), men den har ikkje vore i bruk sidan ca. 1880). Staup har hatt støl på Breiming.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |