Lørenskog Idrettsforening
Lørenskog Idrettsforening er eit norsk idrettslag heimehøyrande i Lørenskog i Viken fylke. Idrettslaget er ein rein fotballklubb skipa 10. desember 1948 då idrettslaga Lørenskogkameratene (stifta 17. november 1932) og Solheim Idrettsforening (stifta 17. april 1929) slo seg saman i eit nytt lag. Lørenskog IF spelar i blå fargar med raude bukser. Herrelaget spelar i 3. divisjon avdeling 1 (2020).
Lørenskog IF spelte i 2002 på nivå 2 i det norske seriesystemet. Elles har Lørenskog jamnast delteke på nivå 3 eller 4. Den seinare landslagsspelaren Toril Akerhaugen var i si tid aktiv i Lørenskog IF.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lørenskog Idrettsforening» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni 2019.
- lorenskogif.no