LUFS
LUFS - Landslaget for nærmiljøskulen er ein norsk organisasjon som og arbeider for å styrkje nærmiljøskular, og for å rådgje og kurse foreldre, lærarar og andre. Organisasjonen vart skipa i 1988, og har sidan midt på nittitalet vore høyringsinstans i saker som gjeld grunnskulen. LUFS meiner at «folkestyret er tufta på ein offentleg, gratis skule – knutepunktet der alle må møtast».[1]
LUFS er ein desentralisert dugnadsorganisasjon, og er partipolitisk nøytral. Det politiske arbeidet har sidan starten handla om å synleggjere skulens plass som samfunnsaktør og som sentralt knutepunkt i lokalsamfunnet. Det har i stadig sterkare grad og handla om å hjelpe foreldregrupper som slåst for skulen sin, så dei får rett handsaming andsynes lovverket. LUFS samarbeider og med ei rekkje landsfemnande organisasjonar om Fellesfråsegna Nærmiljøskolene forsvinner.[2]
Både Barneombodet og andre offentlege instansar viser til LUFS, som sit på særs høg kompetanse innanfor feltet sakshandsaming i skulenedleggjingssaker. I Statsbudsjettet 2005 seier Stortinget: «Komiteen viser til at LUFS – Landslaget for nærmiljøskolen – gjør et viktig arbeid for foreldre og elever på små skoler.»[3]
Kjelder
endre- Fotnotar
- ↑ Informasjon om LUFS
- ↑ Fellesfråsegna
- ↑ Statsbudsjettet 2005