Koordinatar: 45°28′3″N 9°11′22″E

La Scala, kort for Teatro alla Scala, er eit operahus i Milano i Italia. Det er eit av dei best kjende og leiande operahusa i verda, knytt til ei rekkje kjende operakomponistar og songarar.

La Scala

StadPiazza della Scala i Milano
EigarByen Milano
ArkitektGiuseppe Piermarini
Opna1778
Stilneoklassisk arkitektur i Milano
Kart
La Scala
45°28′3″ N 9°11′21″ E

La Scala huser eit eige kor, ballet og orkester. Det er også tilknytt ein skule, (Accademia Teatro alla Scala), som gjev professjonell trening i musikk, dans, scenekunst og sceneleiing. I bygningen finn ein også Museo Teatrale alla Scala, eit museum knytt til historia til La Scala og opera generelt.

Sesongen ved La Scala opnar kvart år den 7. desember på festdagen til heilage Ambrosius, som er vernehelgen for Milano. Alle framføringar må enda før midnatt, slik at lengre operaer byrjer tidlegare når det er nødvendig.

Historie endre

La Scala blei grunnlagd med støtte frå keisarinne Maria Theresia av Austerrike etter at eit tidlegare teater ein hadde brukt til å visa opera, Teatro Regio Ducale, hadde bunne ned 26. februar 1776. Den nye neoklassisistiske bygningen var teikna av Giuseppe Piermarini. Teateret opna den 3. august 1778 som Nuovo Regio Ducale Teatro alla Scala med Antonio Salieri sin opera L'Europa riconosciuta.

 
Frå salen

La Scala husa den første produksjonen av ei rekkje kjende operaer, og hadde eit særskild tilhøve til Verdi. Ei tid nekta Verdi operaene sine frå å bli framførte her, fordi han meinte orkesteret hadde maltraktert musikken hans i samband med produksjonen av Giovanna d'Arco i 1845. Seinare blei partane forlikte att, og Verdi dirigerte sitt Rekviem der den 25. mai 1874. Den nest siste operaen hans, Otello, og den siste, Falstaff, hadde begge premiere på La Scala.

Teateret gjekk gjennom fleire ombyggingar og utvidingar frå 1813. Scenen blei utvida og det blei bygd ein ny inngang frå Piazza della Scala. Bygningen blei renovert i 1907, då han fekk si noverande utforming med 1 987 sete.

Frå 1921 blei det gjennomført ei større modernisering. I 1924 blei det bygd eit scenetårn. Det scenetekniske anlegget blei også moderisert i 1937 av Lorenzo Secco. Då bygde ein sceneheisar. I 1943, under andre verdskrigen, blei La Scala råka av bomber og fekk store skader. Bygningen blei attreist og opna att 11. mai 1946, med ein minneverdig konsert dirigert av Arturo Toscanini med ein sopransolo av Renata Tebaldi som skapte sensasjon.

Frå 2002 til 2004 blei den bakre delen av La Scala gjenoppbygd. Det blei bygd ein scene på 1600 m², utvidet både i høgd og djupne. Vidare blei dei historiske bygningsdelane restaurerte og moderniserte. Akustikken blei vidare forbetra gjennom spesialbygde golv i sal og scene. I denne perioden heldt kompaniet til i Teatro degli Arcimboldi i utkanten av Milano.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre