Lady and the Tramp (norsk tittel: Lady og Landstrykeren) er ein amerikansk teiknefilm frå 1955, produsert av Walt Disney og utgjeven av Buena Vista Distribution. Han blei først vist på kino 22. juni 1955 i USA, og hadde premiere i Noreg 26. desember 1955. Filmen er den 15. animerte langfilmen til Disney.

Lady and the Tramp
Norsk tittel: Lady og Landstrykeren
OpphavslandUSA
Språkengelsk
Sjangerromantisk komedie, filmmusikal, teiknefilm, fantasyfilm
RegiClyde Geronomi
Wilfred Jackson
Hamilton Luske
ProdusentWalt Disney
ManusErdman Penner
Joe Rinaldi
Ralph Wright
Don DaGradi
Joe Grant (konsept)
MusikkOliver Wallace, Sonny Burke, Peggy Lee Edit this on Wikidata
FilmselskapWalt Disney Productions
UtgjevingsårFlag of the United States.svg USA 22. juni 1955
Flag of Norway.svg Norge 26. desember 1955
Lengd76 min.
Inntening93 602 326 US-dollar Edit this on Wikidata

Lady and the Tramp var den første animerte filmen filma i cinemascope widescreen. Historia handlar om ein amerikansk cocker spaniel kalla Lady som lever eit behageleg liv med ein øvre middelklassefamilie, og ein heimlaus blandingshund kalla Tramp («Landstrykeren» på norsk). Ein oppfølgjar laga for video, Lady and the Tramp II: Scamp's Adventure, kom ut i 2001.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.