Laivorganisasjonen Ravn

Ravn (skipa 1990) er ein organisasjon som driv med laiv eller levande rollespel. Ravn vart skipa kring 1990, og er med dette truleg den eldste laivorganisasjonen i Noreg. Ravn har hovudsete i Oslo, men har medlemmer over heile landet. Dei fyrste åra brukte Ravn å halde to store laivar eller spel i året; ein sommarlaiv der spelet gjekk føre seg i Ravn si eiga verd Ravnariket og ein meir historisk basert vinterlaiv. Dei seinare åra har Ravn endra fokus til å bli meir ei gruppe som legg til rette for laivhobbyen.

Ravn har organisasjonsnummer 979 434 774 i Brønnøysundregistra. Leiar er Kristine Grønningsæter Spilhaug (2020).

Ravnariket endre

Ravnariket er ei fiktiv verd der handlinga i mange av laivane til Ravn har gått føre seg. Mykje av bakgrunnsstoffet ligg på nettet i wikien Encyclopedia Corvia.

Bakgrunnsstoff endre

Nettsida til Ravn, Redet Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine.

Encyclopedia Corvia Arkivert 2009-08-02 ved Wayback Machine.