Landgangsfartøyet «Aleksandr Otrakovskij»
«Aleksandr Otrakovskij» er eit russisk landingsfartøy som vart bygd i Polen og byrja teneste i Sovjetmarinen i 1978. Skipet fekk det noverande namnet sitt 9. mai 2001 etter Aleksandr Ivanovitsj Otrakovskij, ein marineinfanterist og helt frå krigen i Tsjetsjenia, og har sidan dess tenestegjort i Svartehavsflåten og Middelhavet. Sumaren 2016 vende det tilbake til Nordflåten og har operert i Barentshavet og aust i Arktis.[1][2]