Opna hovudmenyen

Landemerke var opphavleg ei nemning om eit punkt på land som ein kunne styra etter når ein var ute på sjøen. I dag blir omgrepet òg mykje brukt om iaugefallande bygningar og landformasjonar som ein kan sjå langvegs frå, også når ein er på land. Døme på slike landemerke er Eiffeltårnet i Paris og Fridomsgudinna i New York.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.