Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar

Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) er ei samanslutning med føremål å arbeida for interessene til vasskraftskommunar. I fokus er kraftutbygging, kommuneøkonomi og energispørsmål. Samanslutninga vart stifta i 1978. Om lag 170 kommunar er med i LVK.

Kommunekraft AS er eit dotterselskap av LVK. Kommunekraft AS konsentrerer seg om omsetning av konsesjonskraft på vegner av kommunar.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

Litteratur
  • Thue, Lars: For egen kraft : kraftkommunene og det norske kraftregimet 1887-2003, Oslo 2003. "... utgis som et ledd i markeringen av 25-årsjubileet til Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK)"