Landsting i Sverige

Landsting i Sverige er regionale folkevalde organ med ansvar for visse samfunnsoppgåver, først og fremst helsetenester, men også kultur, lokaltrafikk og regionplanlegging. Sverige har 20 landsting som kvart dekkjer eit len. I Gotlands len fungerer Gotland kommune også som landsting.

Landstinga blei skipa gjennom den svenske kommunalreforma i 1862. Dei har røter tilbake til mellomalderen, då «land» eller landskap i Sverige i stor grad var sjølvstyrande med landsting der alle vaksne frie menn kunne delta. Stillinga deira blei svekka ettersom kongemakta voks seg sterkare. Landstinga døydde ut, men vara ganske lenge ved i Norrland og i Jämtland, der det siste gamle landstinget blei halde i 1857.[1][2]

Landstinga har beskattingsrett og verksemde deira blir hovudsakleg finansiert gjennom landstingsskatten. I tillegg får landstinga inntekter frå pasientavgifter og sal av tjnester. Staten bidreg med generelle og øyremerka tilskot. Størsteparten av budsjetta til landstinga går til helse- og tannhelsetenester.

Det høgaste besluttande organet i eit landsting heter landstingsfullmäktige og blir vald i almenne landstingsval. Medlemmene i landstingsfullmäktige vel ein landstingsstyrelse, som er det utøvande organet til landstinget.

Kjelder endre

  1. Nordisk Familjebok 2 uppl (1911), artikel landsting
  2. Nationalencyklopedin (1993). "Landsting", band 12, sid 103-105.