Langbord
Langbord er eit langt, smalt bord. Det kan ofte ha bukkar til bein.
I gamle norske stover var det opphavleg vanleg å leggja eit langt, smalt spisebrett over knea til dei sitjande ved måltida. Seinare blei dei plasserte på lause bordkrakkar. Langbord i si yngste, fullt utforma form blei til ved at bordkrakkane blei sambunde innbyrdes og brettet festa som bordplate oppå.
Kjelder
endre- «Langbord». Store norske leksikon. 17. september 2017.