Langfredag
Langfredag markerer i kristen tradisjon dagen då Jesus Kristus døydde på krossen. Dagen vert markert fredag før påske. Namnet kjem av at det var Jesu lengste dag. På engelsk vert dagen kalla Good Friday, som eigentleg tyder «heilag fredag». På tysk heiter dagen Karfreitag, der kar tyder «sorg, sut».
I Noreg vert langfredag framleis sedd på som ein viktig heilagdag, det ein av dei tre dagane i året som mellom anna vert markerte med reklamefrie sendingar i kommersielle radio- og fjernsynskanalar.