Lars Bærøe

norsk bonde og politikar

Lars Randby Bærøe (5. oktober 179514. juni 1880) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Hobøl i Østfold.

Lars Bærøe
Fødd 5. oktober 1795
Hobøl
Død

14. juni 1880 (84 år)
Hobøl

Yrke bonde, politikar

Bærøe kom til verda på garden Bærø i Hobøl, ein storgard han vart eigar av i 1829. Frå 1838 til 1851 var han den fyrste ordføraren i Hobøl, forlikskommissær 1839-70 i bygda.

Bærøe var 3. representant på Stortinget frå Smaalenenes amt i 1836 og på det overordentlege storting 1836/37, medlem av militærkomiteen. Etter å ha vore varamann ved dei to neste stortingssamlingane, kom han tilbake på Stortinget i 1845 som fyrste representant frå amtet i 1845. Både då og i 1851 var han medlem av næringskomite nr 2, i 1851 også av Lagtinget.

KjelderEndra