Larvik Håndballklubb er eit idrettslag, ein rein handballklubb, heimehøyrande i Larvik. Klubben vart stifta 31. mai 1990 etter at årsmøta i Larvik Turn og Halsen Idrettsforening begge vedtok å etablere ein frittståande elitestasingsklubb.

Soge endre

Larvik HK sitt kvinnelag rykte opp i eliteserien i 1992. Frå sist i 1990-åra til 2017 dominerte Larvik-mannskapet norsk handball, i mange sesongar heilt utan reell konkurranse frå andre lag. Gjennom denne lange perioden spelte eit stort fleirtal av norske landslagsspelarar for Larvik HK, i lange eller korte bolkar. Våren 2011 gjekk Larvik HK heilt til topps i meisterligaen.

Etter fleire år med økonomiske underskot vart det 25. februar 2019 innført betalingsstopp. Alle tilsette i Larvik HK vart stilt frie. Klubben fekk då ikkje eliteserielisens for 2019/20-sesongen og degradert til 1. divisjon. Allereie i 2020 rykte Larvik HK oppatt i eliteserien.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre