Lassafeber
Lassafeber (frå byen Lassa i Nigeria[1]) er ein vondarta, akutt og smittsam viral hemoragisk feber[1] som kjem av eit arenavirus. Han vart fyrst påvist i Nigeria i 1969. Lassafeber finst berre naturleg i Vest-Afrika, men importerte tilfelle er påviste utanfor dette området.
Sjukdomen har ei inkubasjonstid på mellom 3 og 17 dagar, og byrjar med bråe frostrier, høg feber, utslett og smerter i led og musklar. Sjukdomen har ei døying på 16-45%.
Smitten hender vanlegvis gjennom ureining av mat med urin og avføring frå den mangepatta rotta Mastomys natalensis, men kan òg henda frå sjuke menneske.
Kjelder
endre- «lassafeber» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ 1,0 1,1 «SML - Lassafeber» i Store norske leksikon, snl.no.