Lasse Svan
Lasse Svan Hansen (fødd 31. august 1983) er ein dansk handballspelar frå Faxe kommune. Han har sidan 2008 gjort teneste i tyske Flensburg-Handewitt. Svan vart europameister 2012, olympisk meister 2016 og verdsmeister 2019 så vel som 2021 med Danmarks landslag. I 2014 vann han meisterligaen då Flensburg-Handewitt sigra med 30–28 over THW Kiel i finalen.
Lasse Svan | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 31. august 1983 (41 år) Lille Heddinge |
Idrett | handball |
Tok del i | Handball-VM 2019 for menn, Sommar-OL 2016, Sommar-OL 2020, Handball under Sommar-OL 2012 – Menn, Handball under Sommar-OL 2016 – Menn, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn |
Svan er høgre kantspelar og hadde pr 1.2.2021 delteke i 226 landskampar og skåra 535 mål.