Laurentius Stub Koren (25. mars 18047. august 1892) var ein norsk prest og stortingsmann frå Eigersund. Amtmann Ulrik Koren var far hans. Hans Jacob Grøgaard var svigerfaren hans.

Laurentius Koren
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mars 1804
Eigersund kommune
Død

7. august 1892 (88 år)
Christiania

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Far Ulrik Wilhelm Koren

Koren vart student frå Bergens katedralskole i 1823 og vart cand. theol. i 1827. Same året vart han tilsett som prest i Vanylven, eit embete han styrte i seks år. Deretter var han i mange år, 1833-59, sokneprest i Fjellberg. Sidan var han i 22 år sokneprest i Fredrikstad. Frå 1843 til 1879 var han i tillegg prost i høvesvis Sunnhordland og Nedre Borgesyssel. Koren slutta prestegjerninga i 1881.

Koren var 4. representant frå Søndre Bergenhus amtStortinget i 1845, medlem av kyrkjekomite nr 1. Til Stortinget 1848 var han 1. varamann, og møtte då på tinget i staden for Ludvig Kristensen Daa.

Koren vart tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Då han slutta som prest, busette han seg i Kristiania. Han døydde der i 1892.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914