Lauter ved Donau
Lauter, òg kalla Große Lauter, er ei elv i Baden-Württemberg sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå venstre. Ho har utspring i ei karstkjelde i Schwabisk Alb ved Offenhausen, i kommunen Gomadingen og renn gjennom den om lag 35 km lange Lautertal. Her passerer ho Münsingen-Buttenhausen, som har eit jødisk museum og utstillingar av Matthias Erzberger. Det ligg mange ruinar etter borger frå mellomalderen i Lautertal. Mellom Obermarchtal og Untermarchtal munnar Lauter ut i Donau.
Lauter | |||
elv | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Stat | Baden-Württemberg | ||
Lengd | 42,4 km | ||
Lauter ved Donau 48°14′40″N 9°34′54″E / 48.2444°N 9.58167°E | |||
Wikimedia Commons: Lauter (Donau) |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lauter (Donau)» frå Wikipedia på tysk, den 7. juni 2007.