Lauvøyfjorden i Nord-Trøndelag
Lauvøyfjorden er ein fjord på Otterøya i Namsos kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 4 km sørover til Vindsetmo i botn av fjorden.
Fjorden har startar ved Lyngholmen mellom Årnesgalten i vest og Brennvinholet i aust. Nord for Lyngholmen ligg Lyngholmfjorden, medan Raudsunda strekkjer seg nordvestover frå Årnesgalten. Midt i fjorden ligg den vesle Lauvøya, som fjorden er kalla opp etter. Fleire småbruk ligg langs vest og sørsida av fjorden, mellom anna Ølenvika, Fossland og Fosslandosen.
Elvalandet utgjer den austlege sida av fjorden og mellom Elvalandet og Otterøya går Surviksundet søraustover.