63°26′21.7″N 10°28′12.2″E / 63.439361°N 10.470056°E / 63.439361; 10.470056 Leangen er eit område i den austre bydelen i Trondheim kommune i Sør-Trøndelag, ca. 2 km aust for bysenteret. Namnet kjem etter Leangen gård. Her er det jarnbanestasjon, godsterminal for NSB og rutebilar. Sør for Leangen ligg landbrukssenteret på Tunga, ei samling av anlegg for jordbruket. I tillegg er det Leangen Travbane og Leangen idrettsanlegg med ishall, idrettshall og kunstisbane.

Namnet er opphavleg Leirangr, 'leirbukta', opphavleg namn på Leangbukta.

Kjelde

endre

«Leangen» i Store norske leksikon, snl.no.