Leddband eller ligament (frå latin ligamentum) er eit fiberaktig vev ein finn rundt ledd, og som har til oppgåve å forsterka leddet som samanbinding mellom to ulike bein. Utan leddband ville ledda lett gått ut av stilling. Leddband har stor strekkstyrke, men er likevel forholdsvis elastiske.

Leddband

Diagram over det høgre kneet.

Typisk ledd.
Medisinsk namnLigamentum
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD008022

To ulike typar leddband endre

Forsterkingsband endre

Forsterkningsbanda har som oppgåve å stabilisera leddkapselen.

Føringsband endre

Føringsband har som oppgåve å styra rørsla i leddet. Eit døme er kollateralligamentene som er på kvar side av hengselledd, og er til for å hindra siderørsler.

Skadar og smerte endre

Inni leddbanda finst det ofte mange nervar, og desse spelar ei viktig rolle for at ein skal oppfatta stillingar og rørsler i ledda. På den andre sida fører dette, i kombinasjon med lågt stoffskifte og liten blodtilførsel, til at leddbanda er smerteømfintlege og lækjer seg dårleg ved skade. Dersom ein overstrekk eit leddband kan det veikjast for alltid.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre