Lednica
Lednica er ein innsjø og ein park i Polen i Storpolske voivodskap. Han ligg mellom Poznań og Gniezno. Innsjøen og parken er kjend for dei årlege ungdomsmøta som finn stad her i mai eller juni. Denne religiøse hendinga varer i to dagar. Høgdepunktet for festivalen er ei vandring om natta under ein stor stålkonstruksjon forma som ein fisk, eit symbol for kristendom.
Lednica | |||
innsjø | |||
Symbolsk port forma som ein fisk.
| |||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Høgd over havet | 110 moh. | ||
Areal | 3,48 km² | ||
Koordinatar | 52°33′N 17°22′E / 52.550°N 17.367°E | ||
Lednica 52°33′00″N 17°22′00″E / 52.55°N 17.36666667°E | |||
Wikimedia Commons: Lednica (lake) |
Staden vert rekna som ein mogeleg stad der Polen vart kristna og staden der den første historiske herskaren av Polen, Mieszko I tok imot kristendomen i 966. Ei øy i innsjøen heiter Ostrów Lednicki og inneheld ruinar av busetnader og restar av religiøse bygg frå 900- og 1000-talet.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lednica (lake)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2008.
Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.