Ledward Kaapana
Ledward Kaapana (fødd 25. august 1948) er ein musikar frå Hawaii, mest kjend for å spele slack key-gitar. Han speler òg steelgitar, ukulele, autoharpe og bassgitar, og er ein baryton- og falsettvokalist.
Ledward Kaapana | |||
Fødd | 25. august 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | USA | ||
Instrument | autoharpe, bassgitar, gitar | ||
Verka som | musikar, gitarist |
Han gav ut det første soloalbumet sitt, Lima Wela, i 1983.
Prisar og utmerkingar
endreKaapana har vunne Na Hoku Hanohano Awards frå Hawai'i Academy of Recording Arts (HARA) for arbeid i tre ulike samanhengar — som soloartist, som medlem av Ledward Kaapana & I Kona og som medlem av Hui 'Ohana. Fire av soloalbuma hans har blitt nominete til Grammy-pirsar som Best Hawaiian Music Album.[1][2]
Kaapana mottok National Heritage Fellowship 2011 frå National Endowment for the Arts. Dette er den høgaste ære innan folkekunst i USA.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ledward Kaapana» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Enomoto, Kekoa Catherine (9. desember 2005). «Grammy nominations excite local artists». Maui News. Arkivert frå originalen 28. oktober 2006. Henta 18. oktober 2017.
- ↑ «Artist Ledward Kaapana». www.grammy.com. The Recording Academy. 2017. Henta 18. oktober 2017.
- ↑ «NEA National Heritage Fellowships 2011». www.arts.gov. National Endowment for the Arts. Arkivert frå originalen 27. februar 2019. Henta 18. oktober 2017.