Leicester City

(Omdirigert frå Leicester City FC)

Leicester City er ein fotballklubb frå Leicester i Storbritannia stifta i 1884, som sidan 2014 spelar i den engelske toppdivisjonen Premier League. Laget overraska stort og vart engelsk ligameister i 2016. Leicester City har aldri tidlegare vunne den engelske ligaen, ei heller FA-cupen. Derimot har klubben vunne ligacupen tre gongar; 1964, 1997 og 2000.

Leicester City
Fullt namnLeicester City Football Club
KallenamnThe Foxes
Grunnlagd1884 som Leicester Fosse
HeimebaneLeicester City Stadium
(kapasitet: 32 312[1])
HovudtrenarBrendan Rodgers
LigaPremier League
2021/225. plass i Premier League
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Leicester City har sidan 2002 spelt heimekampane på King Power Stadion, eit anlegg med plass til 32 300 tilskodarar. I perioden 1891-2002 var Filbert Street heimarena. Laget spelar i mørkeblå drakter.

Leicester City har vore med i den engelske fotballigaen sidan sidan 1891. Klubben vart nummer to i toppdivisjonen i 1929, eitt poeng bak Sheffield Wednesday, den beste prestasjonen før laget vann Premier League i 2015/16-sesongen. Leicester City deltok i FA-cupfinalane 1949, 1961, 1963 og 1969, men tapte alle for høvesvis Wolverhampton Wanderers, Tottenham Hotspur, Manchester United og Manchester City.

Kjelder endre

  1. King Power Stadium - Leicester The Stadium Guide