Leinesfjorden
67°45′13″N 14°49′27″E / 67.75361°N 14.82417°E Leinesfjorden er ein fjord i Steigen kommune i Nordland. Fjorden er ei fortsetjing av Andholmfjorden frå vest og strekkjer seg 15 km austover til Botnen i inst i Botnfjorden
Fjorden startar ved Fjordskjeran i vest. Bygda Leines ligg på sørsida, like ved innløpet til fjorden. Her ligg òg Leiranger kyrkje. Innover i fjorden ligg Myklebostad på eit nes som stikk ut i fjorden frå botnen. Neset deler fjorden i to delar, Saursfjorden i nord og Botnfjorden i sør.
Riksveg 835 går langs den indre delen av fjorden, medan Fv633 ligg på sørsida.