Lenardeffekt syner til fleire effektar innan elektromagnetisme som er kalla opp etter Philipp Lenard

Den eine effekten er ein fotoelektrisk effekt der luft og andre gassar vert ionisert i ultrafiolett ljos.

Ein annan effekt er elektrisering og ionisering av luft ved forstøving av vatn. Dette vart oppdaga av MacLean og Goto (1890), og så inngåande undersøkt og forklart av Lenard og elevane hans. Effekten er òg kalla ballo-elektrisitet, iblant òg vassfallselektrisitet, og oppstår når væskedråpar rører seg i luft. Armstrongs dampelektrisermaskin er basert på denne effekten, og ein trur òg at effekten spelar ei rolle i oppladinga av skyer i torevêr, og kan vere årsak til elektrisk utløysing av tankeksplosjonar.

Den tredje effekten vart oppdaga av Lenard i 1890 då han såg at den elektriske resistansen er større for likestraum enn for vekselstraum i metall med ikkje-kubisk krystallstruktur.

Kjelder endre