Lentini

kommune i Italia

Lentini er ein by og ein kommune i provinsen Siracusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 24 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 215,8 km².

Mariakyrkja i Lentini

Landbruk er hovudnæring i Lentini, med ein del typar handverk og møbelproduksjon som viktige binæringar.

Nordvest for Lentini ligg Lentinivatnet, største innsjøen på Sicilia. Innsjøen, som ligg nær ved havnivået, er 10,3 km² vid og ned til 1,6 meter djup.

Soge endre

Leontini, som staden heitte tidlegare, var opphavleg busett av sikelar frå det austlege Sicilia. Frå 729 f.Kr. vart Leontini kolonisert av khalkidiar frå kolonien Naxos. Under den andre puniske krigen vart byen i 215 f.Kr. erobra av Romarriket.

Sofisten Gorgias var frå Lentini.

Kjelder endre