LHBT
(Omdirigert frå Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar)
LHBT eller HLBT (etter engelsk LGBT) er ei bokstav-avstytting bruka som samleomgrep for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar[1][2]. LHBT+, LHBTI, LHBTQ, LHBTIQ og skeive er nokre andre samleomgrep som vert bruka for personar og grupper som bryt med normer for kjønn og seksualitet. I-en står for interseksualitet og Q-en for queerpersonar.[3][4]
Skipnader
endreNokre interesseskipnader for LHBT+ i Noreg er:
- Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, tidlegare Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar
- Skeiv ungdom (ungdomsfylkinga til Fri)
- Skeiv verden (nettverk for LHBT+-innvandrarar)
- Forbundet for transpersoner i Norge (FTP-N)[5]
Flagg knytte til LHBT+
endreYmse flagg representerer einskilde identitetar inom LHBT+-rørsla, både seksuelle eller romantiske legningar, kjønnsidentitetar, -uttrykk eller -grunnhåttar.
-
Regnbogeflagget (Homofile og LHBT+)
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Hva er LHBT?». Arkivert frå originalen 12. august 2016. Henta 24. juli 2016.
- ↑ «LHBT – Store medisinske leksikon». Henta 24. juli 2016.
- ↑ «LGBTI rights». Henta 24. juli 2016.
- ↑ Foreningen Fri for kjønns- og seksualitetsmangfold om begreper
- ↑ «11 millioner til frivillige organisasjoner som bidrar til å bedre levekår og livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersoner». Arkivert frå originalen 12. august 2016. Henta 24. juli 2016.
- Denne artikkelen bygger på «LHBT» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juni 2021.