Lester Eugene Embree (9. januar 193819. januar 2017)[1] var ein amerikansk filosof og akademikar.

Lester Embree
Statsborgarskap USA
Fødd 9. januar 1938
California
Død

19. januar 2017 (79 år)
Boca Raton Regional Hospital

Yrke filosof
Språk engelsk

Lester Embree var fødd i California i ein arbeidarklassefamilie. Etter å ha tenestegjort i marinen under andre verdskrigen blei han student ved hjelp av ei offentleg støtteordning (G.I. Bill), som hjelpte krigsveteranar med utdanning. [1]

Embree tok doktorgrad i filosofi ved The New School for Social Research i New York i 1972. Rettleiar var Aron Gurwitch. Andre lærarar ved New School var Alfred Schütz, Dorion Cairns og Thomas Luckmann.

Frå 1990 var han professor ved Florida Atlantic University (William F. Dietrich Eminent Scholar) og underviste før det ved universiteta i Northern Illinois og Duquesne. Han var leiar for the «Centre for Advanced Research in Phenomenology» i over 20 år. I tillegg var han vore med og grunnla «Organization of Phenomenological Organizations» og Newsletter of Phenomenology.

Lester Embree redigerte og publiserte ei rad bøker og artiklar om moderne filosofi, (konsititutiv) fenomenologi og vitskapsteori. Han engasjerte seg i omsetjingar av europeisk fenomenologi og arbeidde med teoretiseringar kring arkeologi, sjukepleieteori og økologi mellom anna. Innføringsboka hans om fenomenologi Refleksiv analyse er omsett til ei rad språk.

Publikasjonar endre

  • Daniel, M. og L. Embree, red. (1994). «Phenomenology of the Cultural Disciplines». Contributions to Phenomenology. Dordrecht, Kluwer.
  • Embree, L., red. (1988). «Wordly phenomenology. The continuing influence of Alfred Schutz on North-American human sciences». Current Continental Research; 013.
  • Embree, L., red. (1992). «Metaarchaeology. Reflections by archaeologists and philosophers.» Boston studies in the philosophy of science; 147. Dordrecht, Kluwer.
  • Embree, L., red. (1997). «Encyclopedia of phenomenology.» Dordrecht, Kluwer.
  • Embree, L. (1997). «Problems of the value of nature in phenomenological perspectives or what to do about the snakes in the grass. Phenomenology of Values and Valuing.» J. G. Hart and L. Embree, Kluwer: 49-61.
  • Embree, L., red. (1999). «Schutzian social science.» Contributions to phenomenology; 37. Dordrecht, Kluwer Academic.
  • Embree, L. (2003). «Reflective analysis in and of social psychology. A model for interdisciplinary phenomenology.» Essays in celebration of the founding of the organization of phenomenological organizations. C.-F. Cheung, I. Chvatik, I. Copoeruet al.
  • Embree, L. (2007). «Reflective Analysis. A First Introduction into Phenomenological Investigation.» Bucharest, Zeta Books.
  • Embree, L. (2008). «Environment, Technology, Justification: Reflective Analyses.» Bucharest, Zeta Books.
  • Embree, L. og H. R. Sepp (2010). «Handbook of phenomenological aesthetics.» Dordrecht, Springer.
  • Sepp, H. R. og L. Embree «Handbook of Phenomenological Aesthetics.» Dordrecht, Springer.
  • Toadvine, T. og L. Embree, Red. (2002). «Merleau-Ponty's reading of Husserl.» Contributions to phenomenology ; vol. 45. Dordrecht, Kluwer Academic.

Festskrift til Embree:

  • Nenon, T., P. Blosser, et al. (2010).« Advancing phenomenology. Essays in honor of Lester Embree.» Dordrecht, Springer.

Kjelder endre